Hadde droppa døgnkvile

Publisert 04.09.2019 kl. 06.28. Oppdatert kl. 06.41.

Ein førar av eit vogntog vert meld til politiet grunna brot på vedtektene om køyre-og kviletid, manglande døgnkvile og for å ha køyrt utan bruk av sjåførkort. Det melder Statens vegvesen etter ein kontroll på Håbakken tysdag kveld og natt til onsdag.


78 køyretøy var inne på kontrollplassen, og 4 av desse vart plukka ut for vidare kontroll.


Det vart skrive ut eit overlastgebyr på 2.450 kroner. Ein førar av ei buss vert meld til politiet fordi han ikkje stogga for skilta trafikkkontroll.


Les meir om: Nyhende Lærdal Trafikk