Grunna ekstremveret Gyda vert ei rekkje vegar i Sogn stengde utover ettermiddagen.

Vegane det gjeld er:

- Fv 5637 Skjolden - Urnes, stengd frå kl 15:00

- Fv 5641 Hafslo - Veitastrond, stengd frå kl 16:00

- Fv 5600 Vik - Arnafjorden, stengd frå kl 15:00

- Fv 5602 Vangsnes-Fresvik, stengd frå kl 19:00

- Fv 5606 Menes, stengd frå kl 15:00

- Fv 55 Esebotn, stengd frå kl 16:00

- FV 5623 Bakka, stengd frå kl 15:00

- FV 5625 Skjerdalen, stengd frå kl 15:00

– Desse vegstrekningane vert stengde inntil vidare. Me følgjer situasjonen fortløpande og vil opna dersom vêrprognosane og -tilhøva endrar seg, seier Eivind Yttri, seksjonsleiar i Vestland fylkeskommune.

Sambandet Vangsnes-Hella-Dragsvik går i kriserute som er publisert på Norleds heimeside. Dette gjeld så lenge fv. 55 er stengd.

Fleire vidaregåande skular melder onsdag at dei har valt å ha heimeskule i samband med uvêret. Det gjeld mellom anna Årdal og Sogndal vgs.

Årdal melder at dei har digital undervisning torsdag, Sogndal melder om heimeskule torsdag og fredag.