Gå til sidens hovedinnhold

Gyda herjar framleis - slik er stoda på vegane torsdag

Dersom du skal ut å køyra i uvêret torsdag, kan det vera lurt å halda seg oppdatert på stoda.

Desse fjellovergangane er stengde grunna uvêret:

Rv 13 Vikafjellet

Fv 53 Årdal - Tyin

Her kan du følgja med på status på fjellovergangane: vegvesen.no

Desse vegane er stengt grunna fare for ras:

Fv 55 Kaldebekken - Esebotn

Fv 55 Skjolden - Fv 5637 Urnes, opna att torsdag formiddag.

Fv 5600 Vikøyri - Arnafjord

Fv 5602 Fresvik - Vangsnes

Fv 5606 Menes - Vetlefjorden

Fv 5623 Bakka - Gudvangen ferjekai

Fv 5625 Skjerdal

Fv 5641 Veitastrondsvegen, opna att torsdag formiddag.

Her er ei oversikt over anna vegarbeid rundt omkring i Sogn torsdag:

Ev 16 Gudvangatunnelen - Flenjatunnelen

Vegarbeid med manuell dirigering og leiebil. Ventetid inntil halvanna time.

Kolonnetider frå Flåm: 21:15, 22:45, 00:15, 01:45, 03:15 og 04:45.

Kolonnetider frå Gudvangen: 20:30, 22:00, 23:30, 01:00, 02:30, 04:00 og 05:30.

Fv 630 Seltun - Borgund i Lærdal

Vegarbeid.

Vegen er stengt for høgde større enn 4,4 meter og breidde større enn 3 meter.

Rv 5 Fjærlandstunnelen

Vegarbeid mellom 06:00 og 20:00. Eitt påverka køyrefelt. Manuell dirigering, og 30 minuttar venting. Gjennomkøyring kvar heile og halve time.

Rv 13 Storehaugtunnelen

Gyldig mellom 07:00 og 19:00 grunna vegarbeid. Stengt i periodar på inntil 30 minuttar.

Rv 13 Hella ferjekai - Grinde

Vegarbeid. Gyldig mellom klokka 07:00 og 15:00. Vegen er stengd i korte periodar i inntil 15 minuttar. Kan bli forseinkingar.

Rv 13 Bondeviki - Fardal

Kan bli stengt i inntil 15 minuttar grunna vegarbeid mellom klokka 07:00 og 16:00. Lysregulering heile døgnet.

Fv 50 Berdaltunnelen - Lange 2 tunnelen (Hol - Aurland) i retning Aurland

Vegarbeid mellom 08:00 og 18:00. Stengt i periodar på inntil 30 minuttar.

Fv 5600 Valsviki - Ryneset i retning Arnafjord

Vegarbeid mellom 08:00 og 19:00. Opent for passering klokka 10:00, 12:00, 14:30 - 15:00 og 17:00. Utrykkingskøyretøy kan passera.

Rv 5 Sogndal (Dalavegen kryss)

Vegarbeid mellom 07:00 og 21:00.

Fleire vegmeldingar finn du her: vegvesen.no

Kommentarer til denne saken