Gunnar (53) er ein av sju som vil verta ny rektor på høgskulen – sjå lista her

VIL VERTA REKTOR: Førsteamanuensis Gunnar Yttri (53) ved Høgskulen på Vestlandet, avd. Sogndal er ein av sju søkjarar til jobben som ny rektor for høgskulen.

VIL VERTA REKTOR: Førsteamanuensis Gunnar Yttri (53) ved Høgskulen på Vestlandet, avd. Sogndal er ein av sju søkjarar til jobben som ny rektor for høgskulen. Foto:

Det har kome inn sju søknadar til stillinga som rektor for Høgskulen på Vestlandet. Mellom dei er Gunnar Yttri.

DEL

Han er i dag førsteamanuensis ved skulen, og sit i styret på vegner av dei fagtilsette. Yttri er dr.philos. i historie frå Universitetet i Oslo. Han har publisert arbeid i politisk og økonomisk historie, sosial historie, teknologi- og industrihistorie, utdannings- og vitskapshistorie, og i sosiologi. Han er dessutan forskar knytt til SMUKK, og forskar på fornybar energi og lokalsamfunn, utdanningspolitikk og høgare utdanning.

Ved høgskulen underviser han i historie, vitskapleg metode og akademisk skriving. Utanom jobb er han godt kjend som musikar og trubadur.

Skal innstilla

Den som vert ny rektor byrjar i stillinga 1. januar 2021, og ta over for dagens rektor, Berit Rokne. Rektorstillinga er eit åremål på fire år.

I ei pressemelding skriv HVL at det er lagt opp til ein god og grundig prosess framover med intervju og vurdering av kandidatar. Prosessen blir leia av eit innstillingsutval som HVL-styret har sett ned. Sjølve tilsettinga av ny rektor vil skje i styremøtet 24. september.

Søkjarlista

Yttri er den einaste søkjaren frå Sogn som har søkt stillinga. Fire av søkjarane er interne, tre er eksterne og der den eine ikkje er offentleg. Her er lista:


Namn

Alder

Noverande stilling

Kommune

1

Arild Hovland

59

Dekan

Drammen

2

Jan Petter Hansen

57

Prefekt

Göteborg

3

Gunnar Yttri

53

Førsteamanuensis

Sogndal

4

Tom Skauge

64

Instituttleiar

Bergen

5

Gro Anita Fonnes Flaten

47

Prorektor for forsking

Alver

6

Asle Holthe

59

Dekan

Bergen

7

Søkjaren er unnateken frå offentlegheita




Artikkeltags