Grønt lys for reiser til Hellas, Italia, Frankrike, Spania og delar av Sverige

Av
DEL

Nordmenn kan fritt reise til ei rekkje europeiske land frå 15. juli og dei neste 14 dagane. Blant landa er Hellas, Italia, Frankrike og Spania.

Cirka kvar 14. dag vil Folkehelseinstituttet på ny vurdere kva land som oppfyller dei nye kriteria.

I Sverige kan nordmenn frå 15. juli reise karantenefritt til regionane Skåne, Blekinge og Kronoberg. Reiser til resten av landet vil framleis medføre karantenekrav ved retur til Noreg.

Det er berre seks andre land i EU/EØS/Schengen-området der reiser framleis vil medføre innreisekarantene når ein kjem tilbake til Norge. Det gjeld Bulgaria, Kroatia, Luxembourg, Portugal, Romania og Ungarn.

– Dei som vel å reise, må setje seg godt inn i restriksjonar, smittevernreglar og tilrådingar i det landet dei skal reise til. Dei må òg vere førebudde på at situasjonen kan forandre seg raskt. Vi er ikkje i ein normalsituasjon og unntaket frå reiserådet er ikkje ei oppmoding til å reise, understrekar utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

Sidan 14. mars har Utanriksdepartementet rådd mot reiser som ikkje er strengt nødvendige til alle land. Det har òg vore innført reiserestriksjonar for borgarar frå andre land til Noreg. For norske borgarar som har vore i utlandet, har det vore eit krav om karantene i ti dagar ved heimkome.

I pressemeldinga presiserer Utanriksdepartementet at det er bustad, ikkje statsborgarskap, som er avgjerande. Ein amerikanar busett i Italia vil altså kunne kome til Noreg utan karantenekrav, medan ein italienar busett i USA ikkje kan gjere det, med mindre dei oppfyller andre innreisereglar, som dei nye kjærastreglane.

FHI: – Vi må vere førebudde på ein liten smitteauke

Når vi opnar grensene mot fleire land, må vi vere førebudde på ein liten smitteauke i Noreg, understrekar FHIs Frode Forland.

– Vi har alle eit ansvar for at auken i smittespreiinga blir minst mogleg, sa fagdirektør Frode Forland i Folkehelseinstituttet på pressekonferansen på fredag om endring i reiseråda.

Innbyggjarar i store delar av Europa vil no kunne reise til Noreg utan krav om innreisekarantene i det dei kjem til landet. Forland ber folket i Noreg halde fram den felles innsatsen for å avgrense smittespreiinga som har vore gjennom våren.

Artikkeltags