Greitt resultat men sjefen er bekymra: – Det blir eit krevjande år

UROA: Fabrikksjef Wenche Eldegard er uroa for framtida, trass i at verket i Årdal leverte eit overskot på 55 millionar kroner i andre kvartal.

UROA: Fabrikksjef Wenche Eldegard er uroa for framtida, trass i at verket i Årdal leverte eit overskot på 55 millionar kroner i andre kvartal. Foto:

Den vanskelege situasjonen i verda, gjev grunn til uro.

DEL

Klokka 11 onsdag føremiddag presenterte Hydro resultatet for andre kvartal i år. Det syner at verket i Årdal har eit overskot før renter og skatt på 55 millionar kroner for andre kvartal.

– Det er lågare enn for første kvartal og situasjonen framover er lite føreseieleg, noko som vekkjer bekymring, seier fabrikksjef Wenche Eldegard i ei pressemelding.

– Me opplever lågare etterspurnad etter dei produkta me normalt produserer, dette skuldast at marknaden i Europa er svekkja. Det som er positiv er at me har god drift i alle einingar, noko som vil vera avgjerande i tida framover.

Etterspurnaden stupte

Pandemien har ført til brått fall i etterspurnaden av aluminium. I tillegg har Statnett bestemt seg for å auka tariffen for kraftforedlande industri, noko som vil kosta Hydro sine verk i Noreg meir enn 250 millionar kroner meir i året.

I tillegg er EU i ferd med å vedta eit nytt rammeverk for CO₂-kompensasjon som kan gje dei norske verka auka kostnader i milliardklassen dersom Noreg vert definert som ein eigen kraftregion.

HYDRO I ØVRE ÅRDAL: Så lang ti år er det produsert godt over 210.000 tonn aluminium her ved verket i Øvre Årdal.

HYDRO I ØVRE ÅRDAL: Så lang ti år er det produsert godt over 210.000 tonn aluminium her ved verket i Øvre Årdal. Foto:

– Kombinasjonen pandemi og negative rammevilkår som auka nettleige og det at ein kan mista CO₂-kompensasjonen, gjer at vår konkurransekraft vert svekkja og at nye investeringar vert lagt på is, seier Wenche Eldegard.

– Denne utviklinga er veldig bekymringsfull for Hydro Årdal, lokalsamfunnet me er ein del av og norsk kraftforedlande industri generelt. Norske politikarar må syta for at CO₂-kompensasjonsordninga vert vidareført og tilpassa Noreg.

Overskot også i Høyanger

Ved verket i Høyanger vert det lagt fram eit overskot før renter og skatt på 15 millionar kroner i andre kvartal. Også her samanfattar fabrikksjefen denne perioden som krevjande og prega av uvisse.

– Som alle andre har me også følgd nøye med på pandemien og innført ei rekkje smittevernstiltak. Samstundes med at har me halde produksjonen gåande og vart vande med nye måtar å jobba på, såg me at etterspurnaden etter aluminium gjekk drastisk ned. Det er difor gledeleg å sjå at innsatsen frå dei tilsette for å redusera interne kostnader visar godt på resultatet, seier fabrikksjef Arne-Martin Kjærland.

Betre enn i fjor

Generelt leverer Hydro eit overskot på 949 millionar kroner før renter og skatt i andre kvartal. Trass i at resultatet naturleg nok er påverka av svake marknadsforhold som følgje av koronaen, er det likevel betre enn på same tid i fjor.
Då var resultatet nemleg på 875 millionar kroner før renter og skatt.

Noko av bakgrunnen for dette er opptrapping av produksjonen med Alunorte i Brasil der det samstundes er rekordlåge produksjonskostnader. Lågare prisar på alumina og aluminium og lågare volum er det som trekkjer ned.

KONSERNSJEF: Hilde Merethe Aasheim.

KONSERNSJEF: Hilde Merethe Aasheim. Foto:

Strenge tiltak

– Me er inne i ein veldig krevjande periode og eg er glad for at me evnar å ta vare på folk og drift, halda hjula i gang og sikra likviditeten, seier konsernsjef Hilde Merete Aasheim i ei pressemelding.

Her går det fram at Hydro har sett i verk effektive tiltak som svar på den usikre situasjonen knytt til covid 19, mellom anna strenge førebyggjande tiltak for å sikra helse og tryggleik og det ein kallar omfattande sosialstøtte og hjelp til lokalsamfunn.

I tillegg er det gjort grep for å ta vare på likviditeten og grep for å justera kapasitet, redusera produksjon og kutta kostnader.

Artikkeltags