Fjøra-spiss Malvin Gjerde scora to mål i 7-1 sigeren over Kaupanger onsdag. (Arkiv)

Grei siger for Fjøra i cupen - sjå scoringane her

Fjøra er vidare til andre kvalikrunde i cupen etter grei siger over Kaupanger på Kvernhushaugen onsdag kveld.

Publisert 21.03.2019 kl. 09.09. Oppdatert kl. 09.35.

Kaupanger- Fjøra 1-7 (1-4)


Avgjorde tidleg

To skåringar i løpet av dei første 13 minuttane gjorde sitt til at Fjøra kom greitt i gang, sjølv meiner dei at dette avgjorde kampen i stor grad, sidan det skapte litt større rom mot eit hardtkjempande heimelag.

- Me spelar ein ganske bra førsteomgang der me viser at me er ein divisjon høgare enn Kaupanger, men slepp samstundes inn eit unødvendig mål på dødball, seier ein talsmann for Fjøra.

Stillinga ved pause var 4-1.

- Me hadde fokus på å gjenskapa det me gjorde dei første 45 minuttane, noko me ikkje heilt greidde. Men dei siste ti minuttane sette me tre skåringar som gjer at det enda med 7-1, noko som kanskje var litt i overkant utifrå det me presterte i andre omgang.

Kenneth Blomset Skjerven, Andreas Lerheim Olsen (2), Mathias Hovland, Håvard Stedje og Malvin Gjerden (2) skåra Fjøra sine mål.

Trond Vegard Ripe skåra for Kaupanger.

Høgdepunkta frå kampen, filma av Kent Fimreite i Hallo Sogn, kan du sjå i videoruta under: 


Les meir om: Sport Fotball Sogndal