Sogndal kommune melder like før klokka 10.30 tysdag at det har skjedd eit graveuhell i samband med vegarbeidet i Gravensteinsgata.

Det har skada ei vassleidning og vatnet er difor stengt i store deler av Sogndal, medan skaden vert utbetra.

Kommunen melder at dei jobbar med saka, men veit førebels ikkje kor lang tid dette vil ta.