Gravemaskin kvelva utfor vegen

KVELVA: Gravemaskina har truleg komme for langt ut på vegskuldra og kvelva, meiner politiet.

KVELVA: Gravemaskina har truleg komme for langt ut på vegskuldra og kvelva, meiner politiet. Foto:

– Eit hendeleg uhell, trur politiet.

DEL

Ei gravemaskin hamna ved 17.45-tida i grøfta langs Sjukehusvegen i Lærdal. Ingen personar kom noko særleg til skade i hendinga.

Kom utfor kanten

Innsatsleiar i Lærdal brann- og redning, Rune Bolstad, opplyser at det er snakk om ei hjulmaskin som har kome frå sjukehussida over Øyabrua.

– På motsett side stod det ein bil på veg over brua, som hjulmaskina har lagt seg ut for og diverre komme utanfor kanten og kvelva, seier Bolstad.

Han var saman med helsepersonell raskt på staden.

Kutt i panna

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit, opplyser at maskinføraren, ein mann i 20-åra, sjølv tok seg ut av gravemaskina, for det meste uskadd.

– Han har fått eit lite kutt i hovudet, så helsepersonell tok hand om han og tok han med til sjukehuset for å få det reparert, seier Kolltveit.

– Nøyaktig kva som har skjedd er ein på noverande tidspunkt litt usikker på, men mykje tyder på at maskina har kome litt for langt ut på vegskuldra der og kvelva.

Det er truleg snakk om eit hendeleg uhell, seier han.

Artikkeltags