Regjeringa har i år som i fjor vedteke at influensavaksinen skal vere gratis for alle som tilhøyrer risikogruppene.

Nytt i år er at vaksinen òg vil vere gratis for arbeidsgivarar som pliktar å tilby vaksine til sine tilsette. Dei vil likevel måtte dekkje utgiftene til vaksinasjon sjølv.

Vaksinen er gratis for dei som blir vaksinerte i kommunal regi. Vaksinasjon i regi av fastlegar kostar ein eigendel på 50 kroner.

Dei som er utanom målgruppene kan òg vaksinere seg mot influensa, men må betale sjølv for vaksine og vaksinasjon.

(©NPK)