PÅ PLASS: Den sakna rullen med kunstgras har i løpet av natta dukka oppatt her ved kommunen sitt laget på Sandgota på Tangen.

Grastjuven angra: - Denne er ikkje berre å putta i bagasjerommet heller.

I løpet av natta har tjuvane angra og lagt den forsvunne kunstrgrasrullen tilbake på plass.

Publisert 08.11.2019 kl. 08.40. Oppdatert kl. 09.03.

Det opplyser Årdal kommune fredag morgon.
Det var tilsette i kommunaltekniske tenester som oppdaga at den etterlyste rullen med overskotskunstgras plutseleg hadde komme til rette i løpet av natta.

FORSVANN: Det var her ved garasjeanlegget på Sandgota at graset vart oppbevart. No er garasjen rydda slik at graset kan oppbevarastpåein betre måte (Foto: privat)

Ville melda til politiet

I går etterlyste Årdal kommune ein rull med kunstgras som hadde forsvunne frå kommunen sitt lager på Sandgota på Tangen.

- Me set som regel pris på at folk «ryddar» på kommunal grunn, men dette var ikkje bos, og det var ikkje meininga at folk berre kunne forsyna seg, sa Svein Ove Åmås i kommunaltekniske tenester då han etterlyste rullen og opplyste at saka ville bli meldt til politiet dersom rullen ikkje dukka oppatt i løpet av helga.


- Burde ha lagra bedre

Kunstgraset er restar etter at den nye bana i Øvre vart lagt i september og var lagra ved kommunen sitt garasjeanlegg på Sandgota. Det har vore debattert mellom anna via sosiale media kor vidt denne forma for lagring tilfredsstiller både estetiske og miljøemessige krav.

- Eg kan forstå at me kunne ha oppbevart det på ein litt finare måte slik at folk ikkje trudde det var bos, konkluderer Åmås, og seier dei har rydda i garasjane denne veka slik at grasrestane no kan lagrast.

Der dukka altså den store rullen med om lag 30 meter kunstgras oppatt i morgontimane i dag.
Det er dermed ikkje naudsynt å spekulera meir over korleis rullen har komme seg til og frå, anna enn at det har krav ein viss innsats.

- Denne rullen er av ein slik storleik og tyngd at det ikkje berre er å putta den i bagasjerommet på bilen heller, vert det sagt.


- Veldig bra at me har fått graset tilbake, me takkar Sogn Avis for hjelpa med å få etterlyst det. Me set som sagt pris på at folk ryddar på kommunal grunn, og me set pris på at folk ryddar tilbake det me altså har bruk for, seier Svein Ove Åmås.

- Me skal lagra graset og andre ting skikkeleg i garasjane våre på Sandgota og oppmodar andre i området til å rydda og får private ting lagra under ordna forhold, seier han.