Klokka 09.43 vart det meldt om gras- og lyngbrann i Stølagjerdet på Kjørnes i Sogndal.

Politiet opplyser at folk på staden prøver å sløkkja.

Det er eit område på cirka 20 kvadratmeter som har brunne. Politiet og brannvesen rykkjer ut til staden.

I ei oppdatering klokka 09.53 melder politiet at brannen er sløkt.

Brannvesenet trur årsaka er at ein bil med tilhengar med varmgang i eit hjullager har passert der. Ein del av dette hjullageret har røke av, kome over murkanten og ned på graset.

– Det er det me trur. Det er så tørt no at det slikt kan ta fyr. Vinden dei siste dagane har også bidrege til at det tørkar ut, så dette er ei påminning til alle, seier overordna vakt i Sogn brann og redning Elmer Sjøvoll.