Grandiosa har skapa milliardbutikk i nabofylket – i dag er folkefavoritten 40 år

BURSDAGSBARN: Dei siste 40 åra er det seld  587 millionar stykk Grandiosapizza.

BURSDAGSBARN: Dei siste 40 åra er det seld 587 millionar stykk Grandiosapizza. Foto:

Av

Det var nokså tilfeldig at han i det heile tatt vart til. Fabrikksjefen ana ikkje kva han hadde sagt ja til.

DEL

Men det enda med milliardbutikk.

Spesielt interesserte

Han er elska og litt utskjelt òg, ferdigmaten med det grandiose namnet. Faktum er likevel, ifølgje produsenten, at det sidan 11. februar 1980 er ete over 587 millionar Pizza Grandiosa i Noreg.

– Og alle som ein er laga på Stranda, fortel marknadssjef for pizza i Orkla Foods Norge, Ingrid Rønneberg Ness.

Historia om det som truleg er eitt av landets aller mest kjende merkevarer, starta på slutten av 70- Stabburet sin fabrikk på Stranda i Møre og Romsdal hadde bruk for fleire bein å stå på. Pizza var framleis eit nokså eksotisk fenomen i Noreg, men frosenpizza vart ofte sett på som mat for spesielt interesserte.

TILFELDIG BRAKSUKSESS: Fabrikksjef Ivar Moss (t.h.) ana ikkje kva han hadde svara ja til. 40 år seinare er sukessen i alle fall eit faktum. Administrerande direktør Leif Frode Onarheim (t.v). Personen i midten er ukjend.

TILFELDIG BRAKSUKSESS: Fabrikksjef Ivar Moss (t.h.) ana ikkje kva han hadde svara ja til. 40 år seinare er sukessen i alle fall eit faktum. Administrerande direktør Leif Frode Onarheim (t.v). Personen i midten er ukjend. Foto:

Tilfeldig suksess

Det å utvikla produktet vart ifølgje Orkla Foods prega av fleire tilfelle enn det som er vanleg ved produktlanseringar i Noreg i dag. Det seiast mellom anna at dåverande administrerande direktør i Nora Industrier, Leif Frode Onarheim ringde fabrikksjefen Ivar Moss og spurde om han kunne laga pizza på Stranda. Moss svara umiddelbart ja.

Men då telefonsamtalen var over, viste det seg at han absolutt ikkje visste kva han svara ja til, for då snudde han seg mot kona og spurte: Ka pokker e pizza for noko?

Arbeid til hundrevis

Dag i dag vert Grandiosa produsert på Stranda.

– Det betyr sjølvsagt mykje for lokalsamfunnet. Grandiosafabrikken sysselset mellom 175 og 200 personar, litt avhengig av sesong og er ein av dei største arbeidsplassane på Stranda, fortel Ingrid Rønneberg Ness.

Ho legg til at dei likar å omtala Stranda som Pizzabygda, og meiner det er med rette, med tanke på dei 587 millionane som er oppetne så langt.

– Grandiosa er ei kjend og kjær merkevare i Noreg, noko alle nordmenn har eit forhold til. Difor er det særs vanleg for strandarar å seia at dei kjem frå den plassen der Grandiosa vert laga og slik sett bidreg Grandiosa også til å setja Stranda på kartet, legg Ness til.

Artikkeltags