Ørjan Hjellhaug sine menn tapte søndag 2-1 borte mot Førde. (Arkivfoto)

Grå dag for sognelaga

Tap, tap og tap.

Publisert 02.06.2019 kl. 18.44. Oppdatert kl. 18.57.

Det var ikkje mykje å jubla for i søndagens runde i 4. divisjon for nokon av sognelaga som var i aksjon.


På Kvåle stadion tok Studentspretten i mot Tornado Måløy. Heimelaget fekk ein god start då dei tok leiinga etter 20 minutt ved Pål Madsen Gundegjerde. Gjestene utlikna ved Espen Sandal ti minutt før pause.


Etter kvilen tok heimelaget leiinga på nytt ved Øystein Østvik. Men Studentspretten klarde ikkje halde på leiinga lenge då Tor-Erik Kupen sørgja for balanse i rekneskapen etter 64 minutt. 


Ti minutt før full tid hadde Tornado Måløy snudd det. Marius Stavenæs scora 2-3 målet, før Sondre Myhre punkterte kampen på overtid til 2-4.


I Systrond skulle Syril reise kjerringa etter 6-0 tapet mot Tornado Måløy sist kamp. Men dei gule og svarte fekk det tøft heime mot Stryn. Jonas Denk scora kampens einaste mål i første omgang.


Heller ikkje Kaupanger makta å ta poeng denne runden. I Førde gjekk heimelaget til pause på stillinga 2-0. I 2. omgang vart Kaupanger redusert til 10 mann då Sigvart Galborgen Stenehjem fekk raudt kort. 


Trass i ein mann mindre på bana, var grøntrøyene framme og yppa seg på slutten. Knut Øystein Ripe reduserte til 2-1, men scoringa kom for seint og dermed kunne Førde til slutt sleppa jubelen laus for tre poeng.


Siste saker Gå til framsida