– Eg har stått her i om lag tre kvarter, fortel Eirik Fromreide rundt klokka 13.15 torsdag.

Han stod i fremst i køen, og kom først vidare då trafkken vart ført med ledebil gjennom tunnelen klokka 14.05.

– Eg veit ikkje heilt kva som skjer, men det kom ein ut av tunnelen i stad og sa det var nokon som hadde fått eit illebefinnande der inne, seier bergensaren som er på veg til Leikanger for driva vedlikehald på kaffimaskiner.

Etter det Sogn Avis får opplyst på staden har eit ambulansehelikopter landa i Vik. Bommen inn til tunnelen er nede og det er sett på varsellys. Ambulansen kom ut av tunnelen klokka 13.50.

Vegtrafikksentralen har så langt ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

Her køyrer politiet inn i tunnelen:

- Vi er på staden og bistår med trafikkavvikling. Men me har ikkje informasjon ut over det. Dette er eit reint helseanliggande, seier Dan Erik Johannessen ved Politiet sin operasjonssentral.

– Eg forstår det slik at det har vore ei ulukke. Me får berre håpa det går bra, seier Fromreide.