SPELAR FOR SOGNDAL I HAUST: Halldor Østervold Stenevik er klar for å gjera ein innsats for trenar Eirik Bakke i haust. (Foto: Sogndal Fotball)

Godset-spelar til Sogndal ut sesongen

Sogndal Fotball og Strømsgodset IF er samde om utlånsavtale for Halldor Østervik Stenevik.

Publisert 14.08.2019 kl. 20.23.

Lånet er av typen nasjonal utlånsordning, opplyser Sogndal Fotball på si heimeside.


19-åringen Stenevik blir skildra som ein rask, driblesterk og spennande midtbanespelar som starta fotballivet i Selbjørn IL på Austevoll. 


Han har spelt for Fyllingsdalen og Brann og har også spelt med det norske flagget på brystet under EM for G19 i sommar og har spelt heile 46 aldersbestemte landskampar. 


Kniva i toppen

- Dette er ein spelar me har følgt over tid og ein me kjenner godt frå tidlegare, seier sportsleg leiar Håvard Flo i samband med utlånsavtalen. 


Stenevik kom til Sogndal tysdag og hadde si første treningsøkt på Fosshaugane onsdag. 


- Eg håpar på ein del speletid her i Sogndal. Eg håpar eg kan bidra med å hjelpa laget slik at me tek nok poeng til å vera med og kniva i toppen av ligaen, seier Stenevik til sogndalfotball.no.