Gode forhold på fjellovergangane

VIND: Slik ser det ut ved Vestredalen på strekninga mellom Hol og Aurland klokka 06.15 på torsdag.

VIND: Slik ser det ut ved Vestredalen på strekninga mellom Hol og Aurland klokka 06.15 på torsdag. Foto:

DEL

Vikafjellet er ope. Her er det opphaldsvêr og svak vind.

Tyin – Årdal er opent. Det er vekslande bart og snø- isdekke og fare for glatte parti. Her er det laber bris og snødekke.

Hol – Aurland er open. Her er det bart og vått, frisk bris og snø.

Sognefjellet er vinterstengd. Det er ope på sognesida fram til Huldehaug.

Aurlandsfjellet er vinterstengt.

Filefjellet er opent. Her er det bart, svak vind og opphaldsvêr.

Hemsedalsfjellet er opnent. Det er laber bris og skya.

Haukelifjell er opent. Det er bart og vått, liten kuling, skya og lette snøbyer.

Hardangervidda er open. Her er det snødekke. Det er laber bris, skya og opphaldsvêr.

Strynefjellet er opent. Det er vekslande bart og vått, snø. og isdekke og fare for glatte parti. Det er fare for elg. Her er det austleg lett bris og lettskya.

Gamle Strynefjellsvegen er vinterstengt.

Artikkeltags