Gode forhold på fjellovergangane

NATTESTENGT: Slik såg det ut på Vikafjell ved Vossadalen klokka 06.07. Her er det nattestengt frå klokka 22.00 og vegen opnar klokka 07.00.

NATTESTENGT: Slik såg det ut på Vikafjell ved Vossadalen klokka 06.07. Her er det nattestengt frå klokka 22.00 og vegen opnar klokka 07.00. Foto:

DEL

Vikafjellet er nattestengt og opnar klokka 07.00.

Tyin – Årdal er opent. Det er vekslande bart og isdekke og fare for glatte parti. Det er lett bris og opphaldsvêr.

Hol – Aurland er open. Her er det bart og vått, laber bris og opphaldsvêr.

Filefjellet er opent. Her er det bart, laber bris og opphaldsvêr.

Haukelifjell er opent. Det er bart, laber bris og skya.

Hardangervidda er open. Her er det snø- og isdekke, frisk bris og lette snøbyer.

Strynefjellet er opent. Det er vekslande bart og vått, snø. og isdekke og fare for glatte parti. Det er fare for elg. Her er det austleg svak vind og lettskya.

Artikkeltags