God start for ny tunnel langs Kjøsnesfjorden, men no vert kapasiteten redusert

ANLEGG: f.v. Sverre Kjos-Wenjum og prosjektleiar Svein Reidar Dale står foran anlegget.

ANLEGG: f.v. Sverre Kjos-Wenjum og prosjektleiar Svein Reidar Dale står foran anlegget. Foto:

Situasjonen for veganlegget er no noko redusert denne veka grunna smitteverntiltak etter korona-utbrotet.

DEL

– Me rettar oss etter råd frå nasjonale myndigheiter og Sunnfjord kommune. Mellom anna sit alle som kan i vår byggherreorganisasjon på heimekontor, og fysiske møte blir erstatta med møte på Skype. Det er sjølvsagt utfordrande for entreprenøren å halda hjula i gang når nokre av anleggsfolka jobbar skift på tvers av fylkesgrensene, og me tilpassar oss så godt me kan, seier prosjektleiar Svein Reidar Dale i Statens vegvesen.

Forlenging av Støylsnestunnelen

Forlenginga av Støylsnestunnelen på RV. 5 langs Kjøsnesfjorden er kome godt i gang, og sist veke starta Hæhre entreprenør tunneldriving frå Kjøsnes.

– Entreprenøren starta arbeidet rundt årsskiftet, og dei er i rute med arbeida. Hæhre driv no tunnel frå tre stuffar, og det er med på å sikra framdrifta, seier prosjektleiar Svein Reidar Dale i Statens vegvesen.

Den allereie eksisterande Støylsnestunnelen er ca. 2 kilometer, og skal no forlengjast til å bli ein tunnel på 8,5 kilometer.


MASKINER: Store maskiner dundrar rundt på anlegget.

MASKINER: Store maskiner dundrar rundt på anlegget. Foto:

Såg strekningar i samanheng

Arbeidet med forlenging av tunnelen starta alt for tre år sidan, då entreprenøren Implenia sprengde ut 3 km av tunnelen for å levera steinmassar til bygging av ny E39 mellom Bjørset og Skei.

– Samvirket mellom dei to prosjekta har vore særs fruktbart, og det har nok spart samfunnet for både pengar og ulempe med store deponi, seier prosjektleiar Dale, som er Vegvesenet sin leiar på begge prosjekta.

Tunnelmassane som no blir køyrde ut frå fjellet blir mellom anna nytta til bygging av skogsveg, skredvoll og utfylling av ny rasteplass i Kjøsnesfjorden. Foreløpige berekningar viser at gjennomslag i begge endar vil skje mot slutten av 2020.

TUNNEL: Innover går tunnelløpet Pevika mot Kjøsnes.

TUNNEL: Innover går tunnelløpet Pevika mot Kjøsnes. Foto:

Skal koplast saman

Det mest utfordrande punktet i prosjektet er samankoplinga av ny og gamal tunnel. Når det arbeidet startar, vil det bli ein del heft for trafikantane.

– Me får eit stort spenn i taket der gamal tunnel skal strossast ut. Det blir opp mot 27 meter breitt på det meste der dei to tunnelane skal koplast saman, og det må boltast mykje i hvelvinga der, seier byggjeleiar Sverre Kjos-Wenjum i Statens vegvesen.

DRIFT: Foreløpige berekningar viser at gjennomslag i begge endar vil skje mot slutten av 2020.

DRIFT: Foreløpige berekningar viser at gjennomslag i begge endar vil skje mot slutten av 2020. Foto:

Mogleg nattestengingar etter 17. mai

Det blir vurdert om boltesikring og kanskje utstrossing i den trafikkerte tunnelen vil starte rett etter 17. mai. Då vil det bli nattestengingar med høve til gjennomkøyring midt på natta.

– Me vil koma nærmare tilbake med informasjon om når det blir strossing i Støylsnestunnelen når mai nærmar seg. Då veit me meir om framdrifta på anlegget, og i kva tidsrom det er best å få denne jobben gjort, seier prosjektleiar Svein Reidar Dale.

Artikkeltags