Gler seg over ministerbesøk til Sogndal

FÅR BESØK: Trude Risnes i Venstre ser fram til at partifelle Guri Melbye vitjar Sogndal.

FÅR BESØK: Trude Risnes i Venstre ser fram til at partifelle Guri Melbye vitjar Sogndal. Foto:

– Me har mykje å visa fram.

DEL

Måndag 10. august kjem Guri Melby (V) til skulekommunen der ho, i tillegg til barnehage-opning, også startar studieåret ved HVL campus Sogndal, besøkjer Sogndal vgs. og representantar for Vitensenteret.

– At kunnskaps- og integreringsministeren besøkjer Sogndal og opnar Fosshagen utdanningsbarnehage, tykkjer me sjølvsagt er kjempe-stas, seier Trude Risnes i Sogndal Venstre i ei pressemelding.

– Då me inviterte Guri bad me om at ho sette av dagen, me har mykje å visa fram! Så skulle me gjerne også hatt tid til å besøka folkehøgskulen og andre deler av kommunen. Det lyt me ta att, seier Risnes.

Ho er særleg glad for at Vitensenteret no får høve til å oppdatera statsråden.

– Forskingsrådet har gitt ei solid tilråding om senteret til departementet. Når budsjettforhandlingane no startar, så gjeld det at regjering og storting følgjer opp dei tilrådde rammene. Dette skal me sjølvsagt melda til Guri, og følgja det heilt til døra, seier Risnes.

Artikkeltags