Glatte vegar skapar trafikkaos – Åtte vogntog fekk problem

GLATT: Slik er forholda på Breistølen i retning mot Borlaug klokka 15.20 i dag. Åtte vogntog har stått fast, seks av dei har klart å køyra vidare no. To utanlandske vogntog står att.

GLATT: Slik er forholda på Breistølen i retning mot Borlaug klokka 15.20 i dag. Åtte vogntog har stått fast, seks av dei har klart å køyra vidare no. To utanlandske vogntog står att. Foto:

På Rv52 Hemsedalsfjellet frå Borlaug og oppover har mange vogntog fått trøbbel onsdag ettermiddag.

DEL

Klokka 15.10 meldte Vegtrafikksentralen om svært glatt veg, og at åtte vogntog stod fast. Seks av desse har no kome seg i gong, og køyrt vidare.

To utanlandske vogntog står framleis att. Sjåførane legg på kjetting no.

Vegtrafikksentralen oppmodar alle store køyretøy til å bruka kjetting.

Artikkeltags