Glatt på fleire vegar

VESTREDALEN: Slik ser det ut i Vestredalen mellom Hol og Aurland klokka 6.59 tysdag morgon.

VESTREDALEN: Slik ser det ut i Vestredalen mellom Hol og Aurland klokka 6.59 tysdag morgon. Foto:

Vegtrafikksentralen har fått klager om glatt veg frå ulike deler av Sogn og Fjordane denne morgonkvisten. Det vert anbefala å køyra roleg.

DEL

På Hemsedalsfjellet er det snø- og isdekke og somme stader glatt. Klokka 6.00 var det -10 grader, svak vind og lett snø.

På Strynefjellet er det vekslande tynn is og snø- og isdekke. Det er fare for glatte parti og fare for elg. Klokka 5.45 var det -13 grader, austleg lett bris og lettskya opphaldsvêr.

På Filefjell er det snø- og isdekke. Klokka 5.30 var det -9 grader, flau vind og lett snø.

På Haukelifjell er det snødekke klokka 5.40 var det -8 grader, svak vind og skya.

På Hardangervidda er det snø- og isdekke. Klokka 5.25 var det -10 grader, svak vind og lettskya.

På Vikafjellet er det snø- og isdekke. Klokka 5.20 var det -4 grader, svak vind og lette snøbyer.

På strekninga Hol - Aurland er det snø- og isdekke. Klokka 6.00 var det -8 grader, svak vind og lett snø.

Artikkeltags