Gjødselkumme kollapsa – uvisst kor lenge vatnet må kokast

UTSLEPP: Tysdag kollapsa ein gjødselkumme og store mengder møk rann ut i Dalselvi ved Lambhaug i Luster.

UTSLEPP: Tysdag kollapsa ein gjødselkumme og store mengder møk rann ut i Dalselvi ved Lambhaug i Luster. Foto:

– Me har ikkje fått fleire førespurnader, så alle husstandane det gjeld er no varsla.

DEL

Det seier Magnus Snøtun, fagleiar landbruk i Luster kommune til Sogn Avis torsdag.

Tysdag opplyste Alarmsentralen at mellom 400 og 500 kubikk har runne ut frå ein gjødselkumme som hadde kollapsa. Møka rann ut i Dalselvi ved Lambhaug i Luster.

Dette påverkar ikkje den kommunale vassforsyninga, men kan påverka private drikkevasskjelder som er knytt til vassystemet. Luster kommune har opplyst om at vatn frå private vasskjelder knytt til elva difor ikkje må drikkast.

Må bruka anna type vatn

– Dei det gjeld har fått utkøyrd vatn slik at dei kan handtera situasjonen mellombels, seier Snøtun.

– Kor lenge må dei nytta anna vatn?

– Det er uvisst.

Snøtun har nyleg vore på skadestaden for å sjå korleis det ser ut.

– Mykje av møka har hamna i fjorden, men det ligg framleis att noko i terrenget. Resten kjem til å bli vaska bort og teke opp av jordsmonnet med tida. Det blir difor ikkje sett i verk nokre store tiltak no.

Opprettar sak

Politiet har også vore på staden.

– Me har gjort undersøkingar og snakka med eigar. Det er ein vegg som har gitt etter, så dette har ikkje vore ei bevisst handling. Men det blir som vanleg oppretta sak når noko slikt skjer, seier Svein Inge Harberg, politioverbetjent ved Sogndal lensmannskontor.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken