Gå til sidens hovedinnhold

Gjev skryt etter trafikkontroll, men likevel ein del å setja fingeren på

155 køyretøy var innom kontrollplassen på Håbakken måndag kveld og natt til tysdag.

– Her var det mykje bra å sjå, opplyser vegvesenet i ei pressemelding.

Av dei som var innom vart det plukka ut 12 køyretøy for nærare kontroll, her var det likevel litt å setja fingeren på.

Ein trekkbil vart avskilta på grunn av manglande EU-kontroll. Eigar kunne ikkje dokumentera at køyretøyet hadde vore inne til kontroll det siste året. Motorvogna vart avskilta på staden og må dokumentera godkjent EU-kontroll for å få tilbake kjennemerka. Transportøren vert også meldt til politiet då det ikkje var gjennomført obligatorisk kontroll av fartsskrivaren.

Ein sjåfør måtte lasta om gods på semitraileren som hadde for stor vekt. Her må eigar betala eit overlastgebyr.

Ein anna sjåfør måtte fjerna ein stor Ipad som var plassert i frontruta. iPaden hindra sikt, men i tillegg var den brukt til å visa fram underhaldning for sjåføren.

– Dette er noko han kan sjå når bilen står i ro, ikkje når han køyrer på trafikkert veg, slår vegvesenet fast.

Elles fekk to sjåførar åtvaring for mindre brot på køyre- og kviletida.

Kommentarer til denne saken