Gå til sidens hovedinnhold

Gjest i eige land

Spaltist Denne teksten gir uttrykk for skribenten sine personlege haldningar.

Det vi tenkjer på som urørt natur, er som regel eit kulturlandskap som nokon har stelt i mangfaldige år. Når vi går tur eller campar, besøkjer vi nokon si utmark. Då gjeld det å hugse kva det inneber å vere gjest.

Vi har ein varm sommar bak oss, og det har vore godt å vere turist i eige land, slik pandemien har tvinga oss til to år på rad no. Mange fleire enn før har oppsøkt naturen og lagt ut på oppdaging i heimtraktene. Med Allemannsretten i bakhovudet har endå fleire enn før funne glede i fjelltur og overnatting i telt. Retten til å ferdast og overnatte ute i naturen er høgt skatta.

«Åleine» i naturen

Og slik kan det halda fram. NHO reiseliv slo i sommar fast at nesten halvparten av unge mellom 18 og 24 år føretrekkjer noregsferie framfor Syden etter pandemien. Å leggje ut bilete frå padling i Geiranger vart framheva som kulare enn frå ein bananbåt i Syden. Og når grensene er opne som før, er det all grunn til å tru at turistar vil halde fram med å strøyme til Noreg.

I mellomtida durar Instagram-motoren på. På dette sosiale mediet, som dreier seg om deling av bilete, vil eit typisk vinnar-innlegg vise ein person åleine i storslått natur. Denne jomfruelege idyllen vil andre òg oppleve. Enkelte går langt i iveren etter å få teke det same biletet, berre med seg sjølv som motiv. Dermed endar mange opp på den same plassen – alt anna enn åleine.

Vrengt polvott

Telt og hengjekøyer har gått unna som ferske kveitebollar det siste året. Og ved å sende nordmenn på heimeferie, har ein effektivt fått fram slitasjepunkta i norsk reiseliv. Du hugsar kanskje kva som skjer når du vrenger ein gamal polvott? Klumpane som har gnege og plaga deg i lengre tid, kjem fram i lyset. Då hordar med nordmenn tok seg ut i naturen i dei same sommarvekene, fekk det fram utfordringar reiselivet har hatt ei stund, men ikkje fått løyst.

Ein av desse klumpane som fort kan vekse seg større, er trengselen på populære natur-reisemål som Lofoten, Stadtlandet eller Geiranger. Bygde-Norge er ikkje alltid dimensjonert for ei mangedobling av innbyggjartalet. Veksesmertene rundt ikoniske reisemål har ulma lenge og er eit tema i det ferske strategidokumentet om norsk reiseliv, «Sterke inntrykk med små avtrykk».

Turparkering og slitasje

Vi ser også tendensar her i Sogn. Eg tenkjer då på overfylte parkeringsplassar til populære fjellturar, som Molden i Luster med utsikt over grøne Lustrafjorden. Fell vi for freistinga å parkere i vegkanten, må kanskje fastbuande eller utrykkingskøyretøy vente til vi er ferdige med turen. Somme stader er stiane til fjells godt nedslitne og vi har fått fleirfelts-sti med trerøter som stikk fram. Ikkje sjeldan kjem vi over bos og dopapir ute i naturen.

Villcamping – å vakne opp ute i naturen, til lyden av fuglekvitter – er eit must for mange. Men viss bonden som eig utmarka, finn bos og flattrykt beitemark, kan vi fort skusle vekk den kjære retten. Slikt slit nemleg på både natur og folk.

Ikkje legg att folkeskikken heime

Allemannsretten er noko mange europearar kan sjå langt etter. Men det følgjer nokre plikter med: å opptre omsynsfullt, å bli berre 2 netter på same stad og telte i rett avstand til hytter og hus.

Dessutan er det utmark, ikkje innmark, vi kan overnatte i. Men stadig færre av oss kjem frå gard, og slik kunnskap er i ferd med å forvitre.

Det finst reisemål som er blitt så populære at kommunen har sett seg nøydd til å innskrenke Allemannsretten. Sidan 2020 har dei hatt høve til det. Stad kommune la ned forbod mot villcamping ved surfestrendene Hoddevik og Ervik, av omsyn til kulturlandskapet rundt. På same vis har Stryn kommune fjerna retten til villcamping langs det grønturkise Lovatnet, nær setra Breng.

Sjekkliste for bygda:

Spørsmålet mitt er om vi vil dit at Allemannsretten blir uthola. Difor vil eg be deg med på eit tankeeksperiment: Kva vil det seie å vere gjest i Bygde-Noreg?

1. Er det natur eller kultur?

Det du gjerne trur er urørt natur, er ofte eit kulturlandskap som menneske har stelt i hundrevis av år. Difor går ferieturen til dei fleste av oss rundt i kulturlandskap, beitemark og i friluftsområde som nokon har tilrettelagt. – Dei sagar ned tre og greiner, sa ein grunneigar eg kjenner. Vedkomande var oppgjeven over at folk ikkje tenkte over at også grunneigarar skal bruke skogen til noko. Veit du ikkje korleis du skal oppføre deg i utmark og innmark, ta eit lynkurs på allemannsretten.no.

2. Kva om du budde der sjølv?

«Lat som om det er ein by!”, fresar New York-ikon og forfattar Fran Lebowitz når klønete turistar dultar borti ho på gata eller stoppar opp utan forvarsel. Som Manhattan er også distriktsperlene nokon sin heim. Den forlokkande teltplassen kan vise seg å vere både innmark og hageflekk. Tenk deg difor at du sjølv bur der, og du har svaret på kva som er «lov».

3. Spør!

Er du i tvil om ein sti eller leirplass, bank på ei dør eller spør nokon til råds. I sommar møtte eg på ein fyr som hadde sett seg ut ein teltplass rett ved fjøresteinane. Sidan han spurde, nemnde eg at verken volleyballbana eller innmarka attmed var eigna for telting. Heldigvis fann han seg ein liten campingplass som hadde alt han drøymde om, nemleg sjøutsikt og få folk.

4. Ver ærleg!

Når du finn nokon å spørje, ver ærleg på kva du spør om. Ein kjenning fortalde at han ein gong gav ein tilreisande løyve til å setje opp telt på eigedommen sin. Det er ikkje sikkert at kjenningen min forstod avtalen heilt som turisten: Teltet viste seg å vere ein åtte-manns lavvo og fire bilar.

5. Korleis vil du bli hugsa?

Når du er på besøk, korleis vil du hugsa? Som ein gjest som vertskapet vil ha tilbake, eller som monstergjesten dei var glade for å bli kvitt?

Ein fjellførar eg kjenner minte meg ein gong på at vi alltid er gjester på besøk. Difor, etter at familiane våre hadde ete middag på ein kafé, skubba han stolane inntil bordet, rydda saman fat og serviettar og kosta smulane fint saman.

Vil du bli hugsa som ein hyggjeleg gjest, må du også opptre som ein.

Kommentarer til denne saken