STORSLAG: Malvin Gjerde (26) på Fjøra putta tre i laurdagens kamp mot Eid. (Arkiv)

Gjerde scora sitt tredje hat-trick for sesongen

Serieleiar Fjøra trilla ball i hatt med Eid. Sjå høgdepunkta frå toppkampen her.

Publisert 15.09.2018 kl. 19.57. Oppdatert kl. 20.02.

- Me var veldig tente før kampen etter uavgjortkampen borte mot Vik sist serierunde. Så me var motiverte for å gå rett i strupen på Eid, seier Malvin Gjerde.


Fjøra-spissen var i fyr og flamme i Sognahallen laurdag. Vossingen opna scoringsballet allereie etter eitt minutt. Ti minutt seinare hadde han sett to ballar i nettet. 


Lagkamerat Andreas Lerheim Olsen la på til 3-0, før Gjerde var frampå igjen og scora sitt tredje for kvelden før det var spelt ein halvtime.


- Me starta kampen utruleg godt med to kjappe scoringar. Så då fekk me god kontroll på kampen og me fekk styra det meste utpå bana, seier Gjerde.


Til pause leia sogningane heila 4-0 mot serietrearen etter ein suveren 1. omgang.


- Då er det naturleg at me ikkje klarar å halda trykket oppe og me fall litt nedpå i 2. omgang.


Eid reduserte to gonger ved Vebjørn Høynes, men det hjalp så lite. Heimelagets Mathias Hovland auka leiinga til 5-2, før Morten Knutsen fekk æra av å setja inn kampens siste mål på overtid.


- Me har mange sjansar i 2. omgang og me kunne fort scora fleire, seier Gjerde, som er nøgd med at sogningane har rista av seg Eid på tabellen.


- No har me ni poengs forsprang ned til tredjeplassen. Så skal Stryn som ligg på 2. plass spela borte mot Florø 2 på måndag. Så har dei Studentspretten heime neste helg og dei er i godt slag. Så det kan henda me får litt hjelp av dei også. 


Gjerde kan ikkje gjera anna enn å glisa etter at Fjøra no toppar serien med god margin, samstundes som han gjekk til topps på toppscorarlista.


- Opprykk er det viktigaste, men det er kjekt å vera toppscorar også. Det kjennest alltid godt å scora.


26-åringen gjekk glipp av fire kampar på grunn av skade i vår, dermed står vossingen no bokført med 14 kampar og 20 mål.


- Eg er spiss, der jobben min er å scora. Men eg må vera sopass offensiv i hovudet og seia at eg ønskjer å bli toppscorar, smiler han. 


Gjerde får sjansen til å pynta på statistikken sin neste helg. Då reiser Fjøra til Vågsøy for å måla krefter mot tabelljumbo Skavøypoll.


- Det er eit lag me spelte 3-3 mot i vår. Så me har noko å revansjera der også, seier han.


Kaupanger var også i aksjon denne kvelden. Grøntrøyene fekk det tøft borte mot Bremanger og tapte 4-1. Då gjekk det betre med Studentspretten som spelte borte mot Tornado Måløy. Studentane vann til slutt 3-1.


I Årdal vart Vik sendt heim som slakt. 



Siste saker Gå til framsida