Olaug Nilssen har fått Dobloug-prisen 2019 saman med Johan Harstad. Prisen er på 200.000.Nilssen takka velferdsstaten i talen sin og gir bort ein tredjedel av prispengane øyremerka trivselstiltak for dei tilsette på Tveiterås skole, Tjønnen dagsenter og Svartediksveien avlastning. Prisen vart delt ut på Norsk Litteraturfestival på Lillehammer tysdag kveld. Det skriv Samlaget.Dobloug-prisen vart oppretta i 1938 på grunnlag av ei testamentarisk gåve frå den norske forretningsmannen Birger Dobloug til Svenska Akademien som oppretta eit fond i hans namn.Den norske Dobloug-komiteen arbeider på vegne av Svenska Akademien. Tidlegare vinnarar av prisen er mellom andre Vigdis Hjorth, Halldis Moren Vesaas, Arnulf Øverland, Kjartan Fløgstad, Jon Fosse og Gunvor Hofmo.