Gitarvirtuos Mathias (26) snart klar med debutplate – får 50.000 i støtte

DYKTIG: Gitarist Mathias Degnepoll Øren har motteke Furorestipendet på 50 000 kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

DYKTIG: Gitarist Mathias Degnepoll Øren har motteke Furorestipendet på 50 000 kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Foto:

Mathias Øren Degnepoll frå Årdal er tildelt Furorestipendet på 50.000 kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

DEL

Det er spennande tider for 23-åringen. Snart leverer han masteroppgåva, og til våren kjem debutplata.

– Det er vanskeleg å setja ord på. Med tanke på den travle perioden eg er i, så kunne ikkje dette kome på eit betre tidspunkt. Dette betyr mykje for meg, og meir enn berre summen isolert. Å bli sett og anerkjend for innsatsen eg legg ned, betyr ufatteleg mykje, seier Mathias Degnepoll Øren, gitarist og Furore-vinnar i ei pressemelding.

26-åringen bur for tida i Kristiansand, og der er han som nemnd i innspurten av to milepælar. Rett om hjørnet står fullføringa av Master i World Music ved Universitetet i Agder, og i mars kjem han etter planen ut med plata Solrenning saman med gruppa hans, Marekvist.

Budsjettet i orden

Å få dette i boks er sjølvsagt ikkje gratis, og han fortel at då Laila Ruud, banksjef i Sogn, ringde så sat han med budsjettet føre seg.

– Eg sat der med kaffien min, og så ringde Laila. Det er den beste kjensla eg har hatt på lenge. No har eg råda til det eg treng for å gjennomføra dette, og kan senke skuldrene, seier Degnepoll Øren, som har bakgrunnen sin frå Måløy og Årdal.

Furorestipendet er på 50.000 kroner og kjem frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som forvaltar overskotet til banken.

Folkemusikk og rock

26-åringen har vore innom mange sjangrar, men i prosjektet hans i Kristiansand no er det folkemusikk som er sjangeren.

– Musikken eg no jobbar med har utgangspunkt i felemusikk frå Setesdal i Agder. Og så er det blanda med ein god dose rock, fortel Degnepoll Øren.

Han held fram:

– Studiet har fokus på å setje tradisjonsmusikk inn i moderne kontekstar. Norsk folkemusikk er vår tradisjon, og det skal møtast med respekt, men førelesaren vår, Bjørn Ole Rasch, har gitt oss frie tøylar og det har vore veldig givande og lærerikt.

– Leiken og nyskapande

Banksjef Laila Ruud, som tok gladtelefonen, seier at ho har sett Degnepoll Øren i aksjon fleire gongar på Øvre Årdal Janitsjarkorps sine nyttårskonsertar, og ho er imponert!

– Ja, vi er veldig imponert over talentet til Mathias, og særleg tilnærminga hans til folkemusikken.

Den er full av respekt, men samstundes leiken og nyskapande. Dette er ein kar vi kjem til å høyra meir ifrå i åra framover. Me ønsker Mathias all mogleg lukke til med levering av masteroppgåva, platedebuten og elles i åra som kjem, seier Ruud på vegner av juryen.

Juryen for Furorestipendet har bestått av Stig Roger Eide, Trude Skarvatun, Torill Faleide, Terje Lyngstad og Pål Fidjestøl.

Artikkeltags