Gir garanti til Syril

Leikanger kommunestyre har samrøystes vedteke vedteke at kommunen skal stilla med simpel garanti for Syril med inntil 4,5 millionar kroner i samband med opptak av lån til finansiering av det nye friidrettsanlegget på Syril stadion.

Publisert 05.09.2019 kl. 18.27.

Av desse er 2,8 millionar til forskotering av spelemidlar,1,45 millionar til forskotering av mva-refusjon og


250.000 kroner til forskotering av andre tilskot som Syril jobbar med hausten 2019. Garanti-tida vert sett til fem år frå datoen lånet blir teke opp. Leikanger kommune tek atterhald i at summen av spelemiddel og mva-refusjon i sin heilskap vert nytta til nedbetaling av lånet så snart som råd, og seinast innan 14. dagar etter at midlane er tildelt, og set som vilkår at det skal liggja føre ein skriftleg avtale som sikrar begge partar sine rettar og plikter før det vert stilt simpel garanti.


Les meir om: Nyhende Leikanger Notis

Siste saker Gå til framsida