Geolog vurderte ras i Luster og Sognefjellsvegen står under vatn

DEL

Fredag kveld gjekk eit ras på fylkesveg 5637 i Luster kommune mellom Skjolden og Ornes. Vegen er stengt ved Skjolden brygge, og cirka seks kilometer frå Skjolden, melder Vegtrafikksentralen. Laurdag morgon melder geolog at det vil bli sett i gang rydding av raset og det vil bli ny vurdering om opning klokka 16.00 i dag. Klokka 16 blir det meldt at ryddinga held fram, og målet er å opna klokka 18.

Klokka 17.30 vart vegen opna i eitt felt. Oppryddingsarbeidet held fram til måndag.

Vegtrafikksentralen kunne også i morgontimane laurdag melda at Rv 13 Vikafjellet var stengd på grunn av rasfare. Etter ei ny vurdering like før klokka 10.00 vart vegen opna igjen. Vegen kjem til å bli nattestengt frå klokka 22 til 10 søndag.

På fylkesveg 55 over Sognefjellet har det vore ei natt prega av snøsmelting og regn. Eirik Rystad Skånøy hjå vegtrafikksentralen seier at deler av fylkesvegen står under vatn. Siste er at ei ny vurdering om opning blir tatt klokka 17.00.

Vegtrafikksentralen melder klokka 17 at Sognefjellsvegen ikkje blir opna i dag, og det blir ei ny vurdering søndag klokka 08.

Artikkeltags