EINASTE PÅ VESTLANDET: Heidi og Sigurd Vallestad på Flatheim i Viksdalen har ei økoturismeverksemd. (Pressefoto)

Garden deira er første i sitt slag på Vestlandet

Flatheim blir Vestlandets første Økoturismebedrift.

Publisert 13.01.2020 kl. 09.00.

 Flatheim ligg ved Nasjonal Turistveg Gaularfjell, midt i vestlandske fjell og fjordlandskap. Her har det vore eit stoppestad for reisande sidan 1950, heiter det i pressemeldinga frå organisasjonen Hanen.


Omsorg

Sist veke fekk Heidi og Sigurd Vallestad på Flatheim i sunnfjordbygda overrekt beviset på at dei er ei norsk økoturismeverksemd av Marit Vea, politisk rådgjevar i Klima og miljødepartementet.


Hanen definerer økoturisme som berikande natur- og kulturopplevingar tilrettelagt av ansvarlege reiselivsverksemder med omsorg for gjester, miljøet og lokalsamfunnet dei er ein del av.


Bruka opp att

- Me på Flatheim har alltid vore opptekne av lokale ressursar, både når det gjeld mat, folk, historie og natur. Me har også vore opptekne av miljø og utnytting av ressursar. Me har alltid føretrekt å bruka opp att hus, materiale og møblar og å ta vare på det gamle inn i ei ny tid og gjerne ein ny setting, seier Heidi Vallestad i pressemeldinga.


- Å vera godkjent som økoturismebedrift vil vera nyttig for oss sjølve og vår eigen sjølvtillit i det me driv med. Me trur og håpar at våre gjester og andre som har interesse for vårt tilbod og vår bedrift vil setja pris på at me har denne godkjenninga, og at det kan gje oss synlegheit og tillit.


Berekraftig

Om å gje sertifikatet for norsk økoturisme til Flatheim seier dagleg leder av HANEN, Bernt Bucher


Johannessen dette:


- I dag har norsk reiseliv og opplevingar ei stor utfordring med å stå fram som berekraftig, ikkje minst sett frå eit klimaperspektiv. I dag har Flatheim tatt et tydeleg standpunkt i arbeidet for å skape ei meir berekraftig opplevingsnæring.