Vest politidistrikt melde klokka 13.45 måndag at naudetatane rykkjer ut til Indre Hafslo i Luster.

Dei rykte ut til ei privat adresse i samband med mogleg brann i ein garasje, melde politiet på Twitter.

Vel eit kvarter seinare opplyser politiet at brannvesenet er framme på staden.

– Brannvesenet melder at det er full fyr i garasjen, skriv politiet på Twitter.

Politiet har etter kvart bede folk halda avstand.

– Tilskodarar blir bedne om å halda seg 300 meter unna brannen. Politiet evakuerer folk frå dei næraste husa, seier Sogn Avis sin journalist på staden.

Årsaka til evakueringa er ifølgje politiet at det skal vera ei nitrogenflaske i garasjen.

Klokka 14.46 melder politiet at evakueringa av nabobygg blir oppheva, og det er kontroll på gassflaska.

- No er brannen under kontroll, det er ingen opne flammar, og brannvesenet driv med ettersløkking, seier Kristian Berentzen på Alarmsentralen, klokka 15.10.