GÅR TIL RETTEN: Sogn og Fjordane fylkeskommune, her representert ved fylkesordførar Jenny Følling og fylkesrådmann Tore Eriksen, vil ha ei rettsavgjerd på om BKK kan bruka forkjøpsretten til å sikra seg fylkeskommunens SFE-aksjar. (Arkivfoto)

Fylkeskommunen saksøkjer kraftgigant

Fylkeskommunen vil ha ei rettsavgjerd på om BKK kan nytta forkjøpsrett for å få hand om fylkeskommunens aksjar i SFE.

Publisert 12.02.2018 kl. 12.55.

For vel eitt år sidan gav eit samrøystes fylkesting fylkesrådmannen i oppgåve å greia ut om fylkeskommunens aksjar i SFE kan førast over til dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane, før fylket blir slått saman med Hordaland. På den måten meiner fylkestinget at fylkeskommunens verdiar i SFE blir verande i Sogn og Fjordane.


Søksmål mot BKK

BKK er ikkje samd i ein slik framgangsmåte, og har varsla fylkeskommunen om at dei vil nytta seg av forkjøpsretten sin til denne aksjeposten, dersom fylkeskommunen vel å føra over aksjane til kommunane.


Fylkesutvalet vil ha ei rettsleg avklaring på om BKK kan nytta forkjøpsretten sin, og har difor vedteke å ta ut søksmål mot BKK.


BKK eig 38,54 prosent av aksjane i SFE. Sogn og Fjordane fylkeskommune er største eigaren i selskapet, med ein eigardel på 48,15 prosent