– Guten vart funnen på 300 meters høgde, og då hadde han gått nesten 400 høgdemeter åleine. Då han oppdaga redningshelikopteret, gjorde han seg til kjenne slik at dei fann han. Ein redningsmann heiste guten opp og dei tok han med seg, seier innsatsleiar i politiet, Erik Skjerdal.

Slik enda redningsaksjonen etter at ein gut på ni år vart meldt sakna torsdag ettermiddag, då han kom vekk frå dei andre han var på skuletur med.

Følgjet var på tur kring Skagasetfjellet på Hermansverk.

Bratt og ulendt

– På ein eller annan måte har han kome vekk frå dei andre. Så har han prøvd å koma seg ned att, men rota seg vekk. Han har gått i retning der han bur, men gått ein stad der det byrjar å bli bratt og ulendt mellom Skagasete og Henjadalen. Der pleier ikkje folk å gå fordi det er for bratt, seier Skjerdal.

Etter å ha forsert ein del høgdemeter vart han altså funnen og henta ut. Skjerdal seier guten då var uskadd, med unntak av nokre gnagsår.

Helikopter flaug med han til Haukåsen for å fylla drivstoff. Etterpå sette dei guten av på stølen der det vart oppdaga at han var vekke, der leitemannskap og troppar var samla.

– Dei var glade og letta då han kom ned. Dette fekk ein god slutt, og folk var letta, spesielt familien og dei på skulen, seier Skjerdal.

Det var om lag 25 personar i søk, og ni personar med søkshund vart kalla ut. Berre ein av hundeekvipasjane rakk å byrja å søkja før han vart funnen.

Ifølgje Hovedredningssentralen var siste observasjon av guten litt over klokka 14. Politiet fekk melding klokka 15.15. Klokka 18.15 var han funnen.

– Varsla i rett tid

– Skulen har ein instruks om at dei skal venta ein time før dei varslar politiet. At nokre elevar kan bli vekke nokre minuttar skjer jo. Me har ikkje innvendingar mot det, og det er varsla i rett tid, seier Skjerdal.

Politiet har også snakka med ein del lærarar i samband med hendinga.

– Politiet ser ikkje noko grunn til å klandra skulen for det som har skjedd, og me har avslutta saka, seier Skjerdal.

Kommunedirektør Tor-Einar Holvik Skinlo er glad for at dette enda godt, og vil følgja opp hendinga med elevar og tilsette.

– Ein liten augeblink

– Det har vore ein fjelltur med fleire klassar. Der var det ein liten augeblink der ein av gutane kom ut av syne for lærarane. Så snart det vart oppdaga, vart det etter relativt kort tid sett i gang i leiting. Dette er ikkje noko ein ønskjer skal skje, men det er vanskeleg å gardera seg mot alt. Eg er glad for at me har dyktige tilsette, som følgde prosedyrane me har, sette i verk leiting relativt raskt med mange tilsette, og varsla politiet.

Skinlo stadfestar at dei har rutinar på varsling av politiet etter ein time, då det ikkje er uvanleg at elevar kan forsvinna ei lita stund.

– Me kjem til å evaluera hendinga meir grundig. No gjekk det godt, men me er opptekne av om det er læringspunkt. Både elevar og tilsette får oppfølging vidare, seier Skinlo.