Gå til sidens hovedinnhold

Fullvaksinerte slepp innreisekarantene frå fredag

Frå og med fredag klokka 15 slepp fullvaksinerte eller folk som har hatt korona siste halvår, innreisekarantene.

Føresetnaden er at ein tek ein negativt test på grensa eller innan to dagar etter framkomst.

– Vi gjer òg endringar sånn at ungdommar mellom 12 og 18 år kan få kort innreisekarantene ved å dokumentere negativt testresultat i karantenetida med PCR-test som er teken seinast tre døgn etter framkomst, sa helseminister Bent Høie (H) på pressekonferansen til regjeringa onsdag ettermiddag.

– På den måten blir alle under 18 år likestilt frå fredag klokka 15.00, la han til.

Då trer dei nye reglane i kraft.

Utanlandsreiser framleis rådde mot

Regjeringa rår framleis mot alle utanlandsreiser som ikkje er strengt nødvendige. Sidan 3. juni har det vore ei mellombels løysing slik at reisande ikkje må på karantenehotell, men kan gjennomføre karantene heime viss dei er verna.

Helseministeren oppmodar alle som trur dei treng vaksinesertifikat den næraste tida, til å sjekke at opplysningane som er registrerte, er riktige. Dersom noko er feil, bør ein ta kontakt med kommunen der ein er vaksinert eller teststasjonen der ein har teke ein test, for å rette opp opplysningar.

Ikkje del bilete av QR-kode

Dette gjer ein gjennom å logge inn på helsenoreg.no og rulle ned til koronasertifikat. Høie åtvara likevel mot å dele bilete av koronasertifikatet i sosiale medium.

– På same måte som det ikkje er lurt å leggje ut bilete av pass, førarkort eller annan personsensitiv informasjon, grunngitt han det med.

Innanlands vil vi ta i bruk koronasertifikatet på trinn tre i gjenopninga, og regjeringa vil komme tilbake til korleis dette skal gjerast neste veke.

Kommentarer til denne saken