Full utrykning til sjukeheim etter brann i vaskemaskin

NAUDETATANE PÅ PLASS: Politi, brannvesen og helse er kalla ut etter melding om røykutvikling ved Årdal sjukeheim.

NAUDETATANE PÅ PLASS: Politi, brannvesen og helse er kalla ut etter melding om røykutvikling ved Årdal sjukeheim. Foto:

Ein person fekk helsehjelp etter å ha pusta inn røyk, men ingen måtte evakuerast då det tok fyr i ei vaskemaskin på Årdal sjukeheim torsdag.

DEL

Det er meldt om røykutvikling på vaskeriet på Årdal sjukeheim. Meldinga kom klokka 08.01 torsdag. Naudetatar er på veg, opplyser politiet på Twitter.

– Me fekk melding om automatisk alarm som har løyst seg ut, det gjorde at me kontakta sjukeheimen, som varsla om kraftig røykutvikling på vaskeriet. Brannvesen er på veg, opplyser vakthavande ved Alarmsentralen Sogn og Fjordane.

Årsaka til røykutviklinga var at det tok fyr i ei vaskemaskin.

– Det var ein del røyk i bygget og me var usikre på om me måtte evakuera, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Det viste seg ikkje vera naudsynt.

– Ein person har pusta inn røyk og blei tilsett av helse, seier Algrøy.

Sjukeheimen blir no skikkeleg utlufta og den akutte aksjonen er i ferd med å avblåsast ved 09.00-tida.

– Det blir oppretta politisak grunna brannen og me jobbar med å finna årsaka, seier Algrøy.

Artikkeltags