Laurdag føremiddag er det trøbbel på ferjekaien på Fodnes. Ei ferje har lagt til, men bommen kan ikkje løftast. Dermed kan ikkje bilar køyra av ferja.

– Det er problem med den elektriske bommen, men mannskapet har no løyst det manuelt, seier kommunikasjonssjef Cathrine Gjertsen i Norled til Sogn Avis i 12-tida.

Ho reknar med at det tok rundt 20 minuttar før ferja Fodnes fekk sleppt køyretøya på land på Fodnes laurdag.

No må elektrikar sjå på bommen. Det vil føra til kanselleringar laurdag, opplyser Gjertsen.

– Me satsar på at alt er i rute att klokka 12.20, seier Gjertsen.