Full fyr i garasje midt i byggefelt og rett ved barnehagen

FULL FYR: Denne garasjen står i full fyr på Kaupanger, og det er fare for spreiing.

FULL FYR: Denne garasjen står i full fyr på Kaupanger, og det er fare for spreiing. Foto:

DEL

Det byrja onsdag ettermiddag å i brenna i ei garasje i Holteigvegen på Kaupanger. Det var ei stund stor fare for at brannen skulle spreia seg, sidan det er hus på kvar side av garasjen. Det er ikkje opplyst om personskader.

Furuli barnehage ligg rett over vegen for brannstaden. Brannvesenet kom raskt til staden, og driv no ettersløkking. Garasjen brann rett ned til grunnen.

BRANN NED: Garasjen var fullstendig overtent og brann ned til grunnen.

BRANN NED: Garasjen var fullstendig overtent og brann ned til grunnen. Foto:

Politiet opplyser at dei to nabohusa ikkje tok fyr, men det er uvisst om det er skade på dei. Det er ikkje opplyst om personskadar, men ein hund er henta ut frå eit husvære på staden.

Årsaka til brannen er ukjent.

Artikkeltags