Reiselivsnæringa har så langt lege lågt i diskusjonen om konsekvensane av å stengja Lærdalstunnelen i eitt år. No tek Heidi Hauge, direktør i Visit Sognefjord, bladet frå munnen.

– Me har venta for å få inn dokumentasjon på kva ei full stenging av tunnelen vil føra med for reiselivet i vårt område, seier Hauge.

No har ho fått tala.

– Me snakkar om eit årleg verditap i milliardklassen og ei meir usikker framtid for næringa.

Spørjegransking

Visit Sognefjord har gjennomført ei uformell spørjeundersøking blant ei mengd turoperatørar frå heile verda, som fraktar enorme mengder turistar gjennom Lærdalstunnelen på årsbasis.

– Resultatet er ikkje berre dramatisk og nedslåande. Det er direkte skremmande., seier Hauge

* 99 % seier stenging får konsekvensar.

* 50 000 gjester, som i snitt gjev forbruk inkl. overnatting, bespisning og aktivitet: 1476 (2022 tal) = 73,8 mill. i tapte inntekter. Dette er med ei overnatting. Dersom det er to overnattingar i Lærdal/Aurland, kan ein nesten dobla talet.

* 80 % av Turoperatørane vil flytta gjestene til andre område utanfor Sognefjord og nabodistrikt, fordi heile ruta må leggjast om.

* 20 % vil kutta aksen Oslo-Bergen, dvs. langs heile ruta vil ein miste trafikk.

* Berre 20 % vil flytte gjestene til nordsida av Sognefjorden

* Langsiktige konsekvensar: Turoperatørane finn andre alternativ som dei vil då også vil fortsette å bruke vidare i framtida.

– Gryande katastrofe

– Dette er berre dei kortsiktige konsekvensane. Dei langsiktige er like urovekkjande, seier Hauge, og fortel at det berre er eit knippe av dei rundt 2000 kontaktane dei har på lista som har svart.

– Eg trur me må ganga den summen me har rekna ut med tre eller fire for å få det rette talet, seier Hauge, og legg til at å stengja Lærdalstunnelen i eitt år med dei konsekvensar det vil få råkar ei næring som har lege med broten rygg grunna pandemi, krig i Europa og inflasjon.

– No skulle trykket vore på å få opp att trafikken, ikkje minst heilårstrafikken ein hadde bygt opp før koronaen slo til. Mange verksemder har hatt gode somrar dei siste åra, men me må få tilbake trafikken på haust, vinter og vår. I det lyset er det å stengja Lærdalstunnelen eit heilt år veldig uheldig. Eg vil gå så langt å kalla det ein gryande katastrofe. Dette er det siste me treng no, seier Hauge.

– Mange arbeidsplassar i spel

Ho trur verditapet for reiselivet og dei andre næringane i Sogn kan bli like stort som kostnaden med å byggja eit nytt parallelt tunnelløp.

– 20 prosent av reiselivsaktørane som har svart i undersøkinga seier det er uaktuelt å flytta gruppene til nordsida av Sognefjorden. Å flytta på innarbeidde ruter og opplegg er ein stor prosess. Vel ein å gjera det, vil det ta lang tid å endra dette tilbake. Kanskje det aldri skjer. Ser ein på verdiskapinga reiselivet gjev her i regionen, ca. 1,6 milliardar kroner i 2019, så er det fleire hundre arbeidsplassar som står på spel. Mest heile lokalsamfunn, seier Hauge.

– Må finnast andre løysingar

Ho trekkjer vidare fram at bruken av tilførselsvegar og uvissa rundt det.

– Kva som skal gjerast med det er ikkje klart. Statens vegvesen er heller ikkje kjende for å halda oppsette tidsfristar på prosjekt, så i verste fall kan stenginga, om den blir vedteken, var lenger enn ein trur. Visit Sognefjord vil framover ta kontakt med politikarar både regionalt og nasjonalt. Det er på dette nivået denne saka må løftast opp. Og det må koma ein skikkeleg konsekvensutgreiing før ein går vidare. Og i dette arbeidet ønskjer Visit Sognefjord å vera med. Alle reiselivsaktørar eg har hatt kontakt med nasjonale og internasjonalt er i sjokk over planane. Lokalt har optimismen om å byggja seg opp att fått ein knekk. Og det er ikkje berre reiselivet som blir råka hardt. Det må finnast andre løysingar enn å heilstenga Lærdalstunnelen i eitt heilt år, seier Hauge.

Det heva seg nokre svært engasjerte røyster under folkemøtet om Lærdalstunnelen i Aurland onsdag kveld.