Fryktar oppseiingar i turbussbransjen

Som følgje av koronaepedimien har aktiviteten på turbussar sokke drastisk. Yrkestrafikkforbundet fryktar det kan føra til både oppseiingar og konkursar, noko som vil gje utanlandske selskap som ikkje føl norsk lov større dominans i marknaden.

DEL

– Me fryktar for den norske turbussnæringa si framtid. Me har allereie sett eit stort tal permitteringar, men me er redde dette kan bli til oppseiingar om ting ikkje betrar seg, uttalar Trude Valle, nestleiar i Yrkestrafikkforbundet i ei pressemelding.

Utanlandske turbussoperatørar som driv kabotasje (transport mellom stader i eit anna land enn der transportøren høyrer heime. Kabotasje er i utgangspunktet ikkje tillate, jf. yrkestransportloven) er allereie eit stort problem i Noreg, men Valle fryktar at det kan bli aukande i tida framover.

– Me ser ein reel fare for at fleire av dei norske selskapa kan bli slått konkurs som følgje av redusert aktivitet og høy konkurranse. Det er negativt både for bransjen, sjåførane og de reisande, då det truleg vil føra til ein større dominans av utanlandske selskap. Desse selskapa konkurrerer på urettferdig grunnlag, då mange av dei unngår å betala bompengar, moms og lovpålagt løn til sjåførane sine. Me har faktisk sett tilfelle der sjåførane tener så lite som 20 kroner i timen, seier Valle.

Yrkestrafikkforbundet har fleire gonger bede om strengare regulering av turbussmarknaden, mellom anna i fjor. Då la NHO Transport fram sin turbussundersøking, som viste at omfanget av utanlandske operatørar i marknaden er svært stort.

– Norske styresmakter har eit ansvar for å regulera dette, men per i dag gjer dei ikkje dette godt nok. Viss ikkje det blir strengare med både kontrollar og strafferettsleg forfølging av utanlandske operatørar som ikkje føl norsk lov, fryktar me at det kan få fatale konsekvensar for de norske selskapa, konstaterer Valle.

Artikkeltags