– Dette er ei utviklinga som venta. Nedgangen i arbeidsløysa held fram, men ikkje i same tempo som før sommaren, seier direktør i Nav Vestland, Anne Kverneland Bogsnes i ei pressemelding frå Nav.

Ta inn permitterte

Ho er spent på framhaldet, og har ei klår oppfordring til dei verksemdene som no merkar at etterspurnaden tar seg opp.

– Dei verksemdene som har permittert, men no har høve til å ta inn sine medarbeidarar, bør gjera det no. Må må halda økonomien i gong, og hugsa på at det framleis er ein dugnad. Eg håpar flest mogeleg har høve til å ta dei tilsette tilbake, sjølv om permitteringsordninga no er utvida. Det er ikkje berre viktig for å halda økonomien i gang, det er også svært viktig for den enkelte arbeidstakar, seier Bogsnes.

Ventar fleire langtidsledige

Ho vil følgja nøye med på utviklinga av langtids arbeidssøkarar framover.

– Me ventar at talet på langtidsledige vil auka framover, og det er bekymringsfullt. Me veit at jo lenger ein går ledig, dess vanskelegare blir det å koma tilbake i arbeidslivet, seier Bogsnes.

Konsekvensar for Vestland

Ho understrekar at det framleis er mange ukjende faktorar som vil avgjera korleis markanden utviklar seg i løpet av hausten.

– Om det kjem nye nedstengingar lokalt eller internasjonalt kan det få konsekvensar for marknaden her på Vestlandet. Det er mykje me ikkje veit, seier Bogsnes.

Store skilnadar mellom kommunane

Det er flest ledige innan reiseliv og transport (1.949), industriarbeid (1.501) og butikk- og salsarbeid (1.501), medan det er færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (149), akademiske yrke (198) og blant meklarar og konsulentar (413).

Samanlikna med i fjor finn ein størst auke i arbeidsløysa utanfor Bergen i Øygarden (+406 personar), Askøy (+356 personar) og i Alver (+269 personar). I Bergen kommune er det no 7.590 ledige, ein auke på 3.684 sidan august 2019.

Det er høgast arbeidsløyse i kommunane Austrheim (5,2 prosent), Øygarden (5,0 prosent) og Bergen (4,9 prosent), medan Gloppen (1,3 prosent), Vik (1,4 prosent) og Gulen (1,7 prosent) har lågast arbeidsløyse i Vestland.