GODT SAMARBEID: Sogndal Fotball og Lerum har forlengja det lengste samarbeidet i norsk toppfotball i ytterlegare tre år. (Foto: Sogndal Fotball)

Fruktbart samarbeid i tre nye år

Sogndal Fotball og Lerum har forlengja det lengste samarbeidet i norsk toppfotball ytterlegare.

Publisert 19.03.2019 kl. 14.17. Oppdatert kl. 15.20.

I 38 år har Sogndal Fotball og Lerum spelt kvarandre gode. No har generalsponsoren skrive under på ein ny samarbeidsavtale for tre nye år.


- Lerum og Sogndal Fotball har samarbeida sidan 1981. Det har vore eit samarbeid som har vore tufta på gjensidig respekt og tillit. Begge ynskjer me å bidra til utvikling av det samfunnet me er ein del av. I tillegg er me begge i ein knalltøff bransje der konkurransen er stor. At vesle Sogndal har eit toppfotballag og ein stor næringsmiddelaktør i bygda, er noko me er stolte av, seier administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug i ei pressemelding til klubbens heimeside.


Sidan 1981

Sidan den fyrste avtalen blei signert i 1981 har Lerum gjeve Sogndal Fotball moglegheita til å satsa på toppfotball med utgangspunkt i Sogndal og Sogn og Fjordane. Gjennom alle desse åra har Lerum vore ein viktig bidragsytar til at Sogndal Fotball er der dei er i dag.


- Bygda og regionen har vorte løfta av fotballen, og det er klart at me i Lerum er stolte over å ha vore ein av mange bidragsytarar til at satsinga gir slike frukter, seier Lerum Hjellhaug.


Hilde Østbø, kommunikasjonsansvarleg i Sogndal Fotball seier at Lerum har vore ein viktig bidragsytar til klubben i ei årrekkje.


- Dei har vore med i medgang og motgang, og bidrege til at klubben har kunna satsa langsiktig. 


- Spela kvarandre gode og tenkje større enn seg sjølv er nærliggjande for begge organisasjonane. Lerum og Sogndal Fotball høyrer i hop, og alt ligg til rette for at me skal halde fram å lære av kvarandre og utvikle oss vidare. At me held fram det gode samarbeidet i Saftbygda er noko me er stolt over, legg Østbø til.