Frudalstunnelen opna att etter vogntogstogg

STENGT: Frudalstunnelen på riksveg 5 mellom Sogndal og Skei er stengd torsdag ettermiddag.

STENGT: Frudalstunnelen på riksveg 5 mellom Sogndal og Skei er stengd torsdag ettermiddag. Foto:

Vogntog fekk problem inne i tunnelen.

DEL

Torsdag klokka 18.30 opplyste Vegtrafikksentralen at riksveg 5 Frudalstunnelen mellom Skei og Sogndal var stengd.

Eit vogntog hadde fått stans.

– Det er ein mekanisk feil ved bremsene og vogntoget har stoppa, opplyste trafikkoperatør Tom Erik Englaugstad.

Han seier ein mekanikar er venta til staden.

– Det skal visst vera ein ganske enkel jobb å ordna, seier Englaugstad. Inntil jobben er gjort og vogntoget kan rulla att, er tunnelen stengd.

Tunnelen opna att ved 19.15-tida.

Artikkeltags