Vest politidistrikt melder klokka 16.44 måndag at ein bil har køyrt i fjelleveggen i Frudalstunnelen i Sogndal.

Tunnelen er stengd.

Politiet er komne til staden og det er ikkje meldt om personskade.

– Ein bil står i eit køyrefelt, han har blitt skrapa opp langs fjellveggen, men bilen har mindre skader, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Han opplyser klokka 17.26 at tunnelen framleis er stengt og ein ventar på bilbergar.

Klokka 18.43 blei vegen opna att.