Poltikarane doblar støtta til friidretts-NM

NM I FRIIDRETT: Noregsmeisterskapen går av stablen på Byrkjelo i midten av august. (Foto: Breimsbygda IL)

NM I FRIIDRETT: Noregsmeisterskapen går av stablen på Byrkjelo i midten av august. (Foto: Breimsbygda IL)

Av

Ser det som eit godt høve til å marknadsføra Sogn og Fjordane.

DEL

Fylkesutvalet vedtok i dag å løyva til saman 200.000 kroner til arrangørane av NM i friidrett på Byrkjelo i Gloppen. Løyvinga kjem i tillegg til dei 100.00 kronene som fylkeskommunen allereie har sett av over sitt budsjett,melder fylkeskommunen i ei pressemelding.

Doblar støtta

Etter ein ny søknad frå arrangørane, vedtok fylkesutvalet i dagå doble støtta ved å løyva 100.000 kroner ekstra frå sitt eige budsjett. Breimsbygda idrettslag har òg søkt om spelemidlar som skal fordelast av hovudutval for kultur og næring i mai.

Stort arrangement

NM i friidrett er eit stort nasjonalt arrangement som trekkjer mykje folk og merksemd, og politikarane trur dette vil gje god marknadsføring av Sogn og Fjordane og skapa ringverknader for idrettsmiljø, organisasjonslivet og nærignslivet, heiter det i ei pressemelding.

Unik moglegheit

- Med 5000-6000 publikummarar på tre dagar er det mykje folk innom Byrkjelo desse dagane for å sjå og oppleva idrett av toppklasse. Dette gjev ein unik moglegheit til å vise fram anna som me er gode på, skriv arrangørane i søknaden.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken