Alle naudetatar vart kalla ut til ei alvorleg fallskjermulukke i Loen litt over klokka halv ni laurdags kveld i Loen i Stryn kommune.

Det var turgåarar ved fjellet Skåla som oppdaga ein basehoppar som hadde styrta i bakken. Turgåarane starta straks med livreddande førstehjelp. Luftambulansen kom på staden litt over klokka 21. Dei heldt fram med førstehjelp, men livet stod ikkje til å redda, melder Vest politidistrikt.

Dei pårørande er varsla. Hopparen var i eit følgje med to andre, og politiet har vore i kontakt med desse.

Politiet har per no ingen opplysningar om årsaka til ulukka, men har starta undersøkingar av kva som har skjedd, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding.

I samråd med familien går politiet ut med namnet. Det var 26 år gamle Kim Ofte Gonsholt som omkom i ulukka.