Frigir namn på 18-åringen som omkom: – Ei ufatteleg tragedie

OMKOM: Den 19 år gamle lærdølen som vart meldt sakna i sjøen onsdag ettermiddag, vart frakta til Haukeland sjukehus, der han døydde natt til torsdag.

OMKOM: Den 19 år gamle lærdølen som vart meldt sakna i sjøen onsdag ettermiddag, vart frakta til Haukeland sjukehus, der han døydde natt til torsdag. Foto:

Livet stod ikkje til å redda.

DEL

Den unge lærdølen som vart utsett for ei badeulukke ved Lærdal hotell onsdag kveld, døydde på Haukeland universitetssjukehus klokka 02.00 natt til torsdag.

I samråd med dei pårørande frigjev politiet no namnet.

– Det var Ingar Molde Paaske (18) som var involvert i badeulukka i Lærdal i går, opplyser Vest politidistrikt.

– Dette er ein tragedie for ein liten kommune som Lærdal, ikkje minst for dei pårørande. No er det viktig å ta vare på kvarandre og støtta kvarandre så godt me kan, sa ein tydeleg rørt ordførar Audun Mo då han orienterte kommunestyret om saka torsdag føremiddag.

Opnar kulturhus og kyrkje

Kommunen opnar kulturhuset klokka 11.00 i dag torsdag for dei som vil koma saman og snakka om ulukka. Politi og naudetatar vil vera til stades. Kyrkja vil også vera open frå klokka 15.00 torsdag ettermiddag.
Naudetatane kom veldig raskt til staden ulukka skjedde, men han vart ikkje funnen før etter at nær ein time var gått.

Det vart utført livreddande arbeid på staden og heile vegen til Haukeland. Men livet stod ikkje til å redda.

Politiet har oppretta undersøkingssak og jobbar med å få oversyn over kva som hende.

PREGA: Lærdalsordførar Audun Mo var sterkt prega då han orienterte kommunestyret om tragedien torsdag føremiddag.

PREGA: Lærdalsordførar Audun Mo var sterkt prega då han orienterte kommunestyret om tragedien torsdag føremiddag. Foto:

Artikkeltags