Riksveg 13 over Vikafjellet er stengd på grunn av uvêr, melder Statens vegvesen.

Fri fersel etter kolonnekøyring over Vikafjellet

Publisert 19.02.2019 kl. 06.33. Oppdatert kl. 08.24.

Riksveg 13 over Vikafjellet var stengd på grunn av uvêr i natt, men det vart innført kolonnekøyring frå klokka 08.00 tysdag morgon. Like før klokka 13 opplyser Vegtrafikksentralen at vegen er open for fri ferdsel.


Slik såg vegmeldingane ut tysdag morgon:


Ev 16 Filefjell


Snø- og isdekke. Klokka 05:40 var det 0 grader, lett bris og lette snøbyger.


Rv 13 Vikafjellet


Det blir innført kolonnekøyring klokka 08.00.


Rv 52 Hemsedalsfjellet


Bart. Klokka 05:30 var det 2 grader, lett bris og klart.


Fv 50 Hol - Aurland i Sogn og Fjordane


Snø- og isdekke. Klokka 05:45 var det -1 grad, frisk bris snøbyger.


Fv 53 Tyin - Årdal 


Vekslande bart, snø- og isdekke. Klokka 05:30 var det -1 grad, laber bris og snøbyger.


Fv 53 Fodnes - Årdal


Finnsåstunnelen kan bli stengd i periodar på inntil 20 minutt på grunn av vegarbeid. Utrykningskjøretøy og rutegående trafikk kan passera.


Fv 30 Seimsdaltunnelen, på strekningen Årdalstangen - Seimsdalen


Kan bli stengd i periodar på inntil 20 minutt på grunn av vegarbeid. Utrykningskjøretøy og rutegående trafikk kan passera.


Fv 55 Tussviktunnelen, på strekningen Vadheim - Dragsvik


Kan bli stengd i periodar på inntil 30 minutt på grunn av vegarbeid i periodane: Måndag til onsdag fra 07:30 til 18:00. Torsdag fra 07:30 til 15:30.


Hald deg oppdatert på vegvesen.no.