Fri ferdsel på fylkesveg 55 etter berging av vogntog

DEL

På fylkesveg 55 over Sognefjellet var det eit vogntog som sperra vegen ved Turtagrø søndag føremiddag.

Vogntoget hadde fått tekniske problem, og det vart arbeidd med reparasjonar på staden.

Personbilar vart etter kvart dirrigerte forbi, og klokka 14.00 vart vegen opna for fri ferdsel.

Artikkeltags