Fremja Vitensenter, Vikafjell og vilkår for næringslivet på fylkesårsmøtet

DELEGASJON: Desse møtte frå Sogndal på fylkesårsmøtet i Vestland Høgre. F.v. Grethe Kristin Lerum, Arnt Hovland Munthe, Eivind Dahl, Arne Glenn Flåten og Gunnhild Bøyum.

DELEGASJON: Desse møtte frå Sogndal på fylkesårsmøtet i Vestland Høgre. F.v. Grethe Kristin Lerum, Arnt Hovland Munthe, Eivind Dahl, Arne Glenn Flåten og Gunnhild Bøyum. Foto:

Under Vestland Høgre sitt fylkesårsmøte i Bergen, var sogneregionen godt representerte.

DEL

230 delegatar frå heile Vestland var samla, og Høgrelaga i Sogn møtte mann- og kvinnesterke.

Varaordførar Marta Sofie Vange og Morten Midlang kom frå Vik Høgre, frå Lærdal Høgre kom Kathrine Mari Njåstad Blaaflat og Frøydis Helland, frå Luster Høgre, Geir Arve Sandvik, Ingar Norberg, Bård Flattum Lilleeng og Elisabeth Stokkenes og frå Sogndal Høgre kom Gunnhild Bøyum, Grethe Kristin Lerum, Arne Glenn Flåten, Eivind Dahl og Arnt Hovland Munthe. Sistnemnde representerer òg Senior Høgre, i midtre- og indre Sogn.

I ei pressemelding skriv Sogndal Høgre at dei nytta høvet til å fremja Vitensenteret, og behovet for framtidig finansiering med Stortingsbenken for Vestland Høgre.

– Dei er heilt med på at dette er viktige saker å kjempa for, skriv Arnt Hovland Munthe.

Resolusjonar

Han skriv vidare at fleire viktige resolusjonar vart vedtekne, mellom anna når det gjeld samferdsel. Vestland Høgre vil prioritera fleire prosjekt langs riksveg 13 over Vikafjellet.

Det vart også laga resolusjonar knytt til kvinne helse, kunnskapsskulen, klima og energi, med meir.

Val til styre og andre verv

I arbeidsutvalet, AU, for 2020 sit no Tom Georg Indrevik, leiar, Vidar Grønnevik, nestleiar, Annette Strand, 2. nestleiar, Sven Flo, medlem og Marte Leirvåg, medlem og kvinnepolitisk leiar.

I nominasjonskomiteen for Sogn og Fjordane valkrins til Stortingsvalet i 2021, vart Frøydis Helland frå Lærdal vald som nestleiar og Arnt Hovland Munthe frå Sogndal, vart vald som representant for Vestland senior Høgre.

I valkomité for Vestland Høgre vart Arne Glenn Flåten, Sogndal og Arnt Hovland Munthe, Sogndal valt. Gunnhild Bøyum, som leiar av Sogndal Høgre, er valt som utsending til Høgre sitt Landsmøte, 27.–29. mars 2020.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken